På Kokarsteinen, langs Storfjorden mellom Dyrkorn og Stordal, har det kome eit nytt matkonsept som skil seg litt frå det ein kanskje forventar på ein slik stad.
Restauranteigarar og ektepar Ole S. Vikenes og Christine Olsvik har teke lokal geit og kjekjøt inn i eit heilt nytt konsept: GOAT. Målet er å løfte fram kjekjøtet og vise at geit kan lagast på fleire ulike måtar, og samtidig smake skikkeleg godt!
Eit stopp langs fjorden
Kokarsteinen har lenge vore ein naturleg stoppestad for dei som ferdast langs Storfjorden, og ofte av turistar på veg til Geiranger eller Trollstigen. Utsikta mot fjorden og fjella gjer staden til ein attraksjon i seg sjølv, og at ein no kan spise fastfood laga av lokale råvarer, gjer staden enda meir spesiell for dei som stoppa. For mange reisande er nettopp slike plassar ein viktig del av opplevinga på Sunnmøre.
Eit godt team
Vi har tatt ein prat med Ole om satsinga, og fekk også smake på deilig kjetaco og sett på dei flotte lokala. Han fortel at Christine har innreda og er den som har mest peiling på korleis ein får det koseleg. Dei to har gjennom fleire år drive og utvikla reiselivs- og serveringsverksemd saman, mellom anna på Blåtind Boutique Hotel i Stordal og på Petrines Gjestgiveri i Norddal.
Sjekk ut video frå besøket under!