Kvifor er frivilligheit så viktig?
Frivilligheit er ein viktig del av samfunnet vårt. Mange menneske brukar fritida si på å hjelpe andre, arrangere aktivitetar eller bidra i lag og organisasjonar. Dette er spesielt viktig i små bygder, der frivilligheita er med på å skape liv, samhald og møteplassar for innbyggjarane.
Skapar samhald
I Fjord kommune finst det mange frivillige lag og organisasjonar som gjer ein stor innsats for lokalsamfunnet. Vi har idrettslag, bygdelag, ungdomslag og andre organisasjonar som arrangerer ulike aktivitetar og arrangement. Utan frivillige hadde mykje av dette ikkje vore mogleg. Frivillig arbeid gjer at folk får høve til å møtast, bli kjende og vere ein del av eit fellesskap.
Betyr mykje
Opplev Fjord har tatt ein prat med Bjørg Jacobsen, som er leiar for frivilligsentralane i Fjord kommune. Ho meiner at frivilligheit handlar mykje om å gjere noko godt for andre. Ho seier at «den største gleda ein kan ha, er å gjere andre glad». Dette viser kor mykje ein kan få tilbake av å hjelpe andre. Når ein brukar tid og krefter på noko som betyr noko for andre menneske, kan ein sjølv kjenne på glede, meining og fellesskap.
Frivilligsentralane
Frivilligsentralane i Fjord kommune tilbyr mange ulike aktivitetar som samlar folk. På frivilligsentralen i Stordal har dei mellom anna ungdomsklubb, babytreff, herreklubb, seniornett, dametreff og vaffeldag. Dette er møteplassar der menneske i ulike aldrar kan kome saman, prate og delta i aktivitetar eller lære noko nytt ilag med andre. Slike tilbod er ekstra viktige i små bygder, der det kanskje ikkje finst like mange andre møteplassar. Då vi var innom frivilligsentralen i Stordal, var der dametreff og dei fortalde at det betydde mykje for dei at det skjedde noko og at dei kunne møtast istaden for å «sitje heime og sture». Dei sa at takket vere god aktivitet i kommunen, så har dei alltid noko kjekt å glede seg til.
Gratisbutikk
Eit anna godt døme på frivilligheita i Fjord er Gratisbutikken på frivilligsentralen i Stordal. Der kan folk hente klede heilt gratis, eller levere klede dei ikkje treng lenger. På denne måten kan klede få nytt liv, samtidig som ein kan hjelpe andre som har bruk for dei. I Tillegg til Gratisbutikken, har dei også utstyrsbase, dei ein kan låne utstyr til aktivitetar, til dømes syklar, ski, pulk og mykje anna! Det viser korleis frivilligheit også kan handle om å ta vare på kvarandre og bruke ressursane våre på ein god måte.
Tilhøyrsle
Frivilligheita skaper altså meir enn berre aktivitetar. Ho skaper samhald og tilhøyrsle. Når folk møtest gjennom lag, organisasjonar og frivilligsentralar, kan dei få nye vener og kjenne at dei høyrer til i lokalsamfunnet. Dette kan vere viktig for både barn, ungdom, vaksne og eldre, og gir gode moglegheiter for å kjenne på meistring, meining og fellesskap.
Vil du bli med i ein frivillig organisasjon i Fjord kommune? Sjå oversikta nederst på sida HER, og ta gjerne kontakt med Bjørg Jackobsen!
Sjå video frå besøket på frivilligsentralen i Stordal under!