Midt i det spektakulære landskapet mellom Trollstigen og Geiranger ligg Gudbrandsjuvet Café, med utsikt rett mot det brusande Gudbrandsjuvet. Kafeen er eit populært stopp for både lokalbefolkning, norske reisande og utanlandske turistar. Vi har tatt ein tur innom for ein prat med dagleg leiar Maximilian Lehner, eller Max, som han også blir kalt.
Gudbrandsjuvet er ein del av Nasjonal turistveg Geiranger – Trollstigen, ei av dei mest kjende turistvegstrekningane i Noreg. Den 104 kilometer lange ruta går gjennom eit landskap prega av høge fjell, djupe dalar og fjordar, og byr på fleire kjende naturattraksjonar.
Ved Gudbrandsjuvet kan besøkande oppleve elva som fossar og brusar gjennom dei tronge fjellformasjonane. Utsiktsplattformene gjer det mogleg å kome tett på det dramatiske landskapet, samtidig som området er tilrettelagt for at reisande skal kunne ta ein pause.
Like ved utsiktspunktet ligg Gudbrandsjuvet Café. Her kan dei reisande stoppe for å sjå det spennande bygget og nyte ein deilig kanelbolle. Max fortel at dei baka om lag 300 kanelbollar om dagen og har rundt 200 000 gjestar innom fasilitetane ute gjennom sesongen!
Max seier at bygget og fasilitetane rundt er teikna av Jensen & Skodvin Arkitektkontor og er ein del av den arkitektoniske satsinga langs Nasjonale turistveger. Bygget er utforma med tanke på omgjevnadene og landskapet, og er blitt ein del av heilskapen ved Gudbrandsjuvet.
For mange som køyrer mellom Geiranger og Trollstigen, er Gudbrandsjuvet eit stopp ein ikkje vil gå glipp av. Her møtest natur, arkitektur og servering på ein stad som viser noko av det mest særprega landskapet Nordvestlandet har å by på.
Max ønskjer alle velkomen innom for ein god kopp kaffi eller noko godt å spise. Dei heldt ope kvar dag fram til 1.oktober.
Sjå video frå besøket under!