Finn roa i Tafjord
Då Helene Ella Ekrem flytta frå Ålesund til Tafjord, var det både på grunn av jobben og ønsket om å bu nærare naturen. No har 24-åringen funne seg godt til rette i den vesle bygda, der ho trivst med både jobben, naturen og roen rundt seg.
Helene har fått jobb som maskiningeniør hos Tafjord Kraftproduksjon.
– Eg valde å utdanne meg innan vasskraft fordi det er ein spennande bransje, og eg har lyst til å jobbe med grøn energi, fortel ho.
Så langt trivst ho svært godt i den nye kvardagen. Ho trekkjer særleg fram dei hyggelege kollegaene og det gode miljøet på arbeidsplassen.
Frå Ålesund til Tafjord
Helene kjem frå Ålesund, men har no bytta ut bylivet med eit rolegare liv i Fjord.
Ho set stor pris på den fantastiske naturen rundt seg.
– Eg trivst godt med at det er stille og roleg rundt meg, fortel ho.
Det første møtet hennar med området fekk ho allereie som liten, då ho var med på korpsstevne. Seinare har ho også vore på Vassendgutane-konsert i Valldal, og har gode minner frå det.
Bytta ut TV med spikking og bøker
Den nye tilværet har også gitt Helene fleire spennande hobbyar. Ho har faktisk valt å ikkje ha TV.
Det betyr ikkje at ho kjedar seg.
Tvert imot har ho fått meir tid til andre ting. Ho les bøker, har kjøpt seg nokon planter ho vil halde liv i og har lært seg å spikke. Spikkinga starta med at ho fann ei grein på ein fjelltur til Reindalssetra i sommar.
Greina kom frå den store furua der oppe, og Helene har planar om å gi ho eit nytt liv, og no skal ho nemleg spikke ein tørjerullhaldar av greina.
Kryssord frå jobb til heime
Helene er også glad i å løyse kryssord. Så glad i det at ho tek dei med heim frå avisene på jobb. –Eg gløymer av og til at eg har blitt vaksen og kan kjøpe mine eigne kryssord, smilar ho.
Glad i å sykle, men ikkje i tunnellane
Helene er også glad i å sykle. Tafjord og området rundt byr på mange moglegheiter for den som likar å vere ute på to hjul.
Men det er éin ting ho ikkje nødvendigvis vil anbefale andre syklistar.
Turen gjennom tunnelane frå Tafjord til Valldal kan bli ein kald oppleving.
For sjølv om det kan vere fint å sykle i den spektakulære naturen, er temperaturen i tunnelane noko heilt anna enn ute i sommarvarmen.
Kjærasten bur i Ålesund
Sjølv om Helene no bur og arbeider i Tafjord, er ho framleis mykje heime i Ålesund med familie, vener og kjæraste.
Kjærasten hennar bur i Ålesund, og saman har dei kjøpt seg hus på Ellingsøya. Huset er eit framtidig oppussingsprosjekt, og planen er å ta fatt på det etter kvart.
Akkurat no er det Tafjord som er kvardagen hennar.