Opplev Fjord!
Fjord kommune har høge fjell og djupe fjordar som du kan utforske til sjøs, til fots eller på ski. Vi byr også på idylliske grender med hyggelege aktivitetar for familiar og andre som ønskjer eit rolegare tempo.
I Fjord kommune finst dei eit stort utval av aktivitetar året rundt. Fleire av aktivitetane i mange bygder er organisert av frivillige lag og organisasjonar. Der finst også ei rekke kommersielle aktivitetar.
I Fjord kan du vere med på aktivitetar og guida turar heile året
Uteguiden og Ræin tilbyr guida turar, kurs og utleige av utstyr. Du kan padle, rafte, juve, klatre, rappellere, sykle, gå på truger og ski og endå mykje meir. Valldal Aktivitetspark byr på klatrepark, leik og aktivitetar for heile familien, og på Jemtegård Feriesenter kan du spele frisbeegolf på 18-hols bane. Hos Mariastallen kan du leige hest med guide.
Aktivitetar innendørs
Det er også mykje å finne på av innendørs-aktivitetar. Kulå bowling, Ville Krefter, Meretes Garden og Muritunet tilbyr bowling, klatring i klatrevegg, kraft- og skredutstilling, escaperoom, escape-labyrint, bading, jacuzzi, yoga, spa og retreat.
Vandring
Fotturmulegheitene er mange. Tafjordfjella ligg i Reinheimen nasjonalpark, og er eit populært turområde. DNT Sunnmøre har merka turstiar med betjente og ubetjente turisthytter for overnatting. Du kan også gå pilegrimsleia frå Valldal til Dovrefjell og Nidarosdomen i Trondheim om du vil, eller gå kortare turar i nærområdet. Du finn turforslag både på stikkut.no. morotur.no og ut.no, og på lokale fotturkart og turguidebøker som du får kjøpt på butikkar og overnattingsstader.
Fiskevatn og lakseelver
Laksefisket i Fjord er for tida avgrensa. Her må ein finne oppdatert informasjon hos elveguiden.no
Innlandsfiske i fjellområda finn du meir informasjon om på inatur.no
Andre innlandsvatn er også muleg å fiske i ved å kjøpe fiskekort hjå grunneigar.
Bading og badeplassar
Rehabiliteringssenteret Muritunet tilbyr offentleg bading i bassenganlegget sitt i Valldal heile året, med unntak av fellesferien i juli og heilagdagar. Det er mange fine badeplassar rundt om i bygdene våre der du kan ta deg eit sjøbad eller eit elvebad.
Ski- og vinteraktivitetar
I Øvre Stordal ligg Arena Overøye, eit vinter- og pudderparadis med alpinsenter og preparerte langrennsløyper. Øvre Stordal Vel har lagt ned mange dugnadstimar for å tilrettelegge området både for vinter- og sommaraktivitetar. I Valldal, Eidsdal og Norddal finn du også preparerte langrennsløyper.