Nye infotavler langs Valldalsleia

Olavskjelda og Olavshellaren har fått nye tavler med historien om Heilag-Olav i Valldal og informasjon om pilegrimsleia.
Ny infotavle ved Olavshellaren på Alstad

Det har kome nye informasjonstavler langs Valldalsleia. For ei tid tilbake vart informasjonsskiltet ved Korsbrekka fornya, og no har det også kome opp nye skilt ved Olavskjelda og Olavshellaren på Alstad.

Teksten på skilta er henta frå boka «Heilag-Olav i Valldal», av Astor Furseth.

Dei nye tavlene er finansiert med tilskotsmidlar for kulturmiljø og friluftsliv frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det er eit stort arbeid å halde Valldalsleia oppdatert med skilt, merking og skjøtsel. Ei stor takk til medhjelparane våre som på eige initiativ ryddar skog og stiar, og gjev beskjed dersom det manglar skilt eller anna.

For deg som brukar delar av Valldalsleia til rekreasjon og rusleturar i nærområdet vil det også bety mykje for oss om du gir beskjed dersom du ser falne tre, attgrodde stiar, manglande skilt eller anna. Ta kontakt med Gro Marita på Fjordhagen.

Valldalsleia går frå fjorden i Valldal og over høgfjellet til Fokstugu på Dovre, der den går saman med Gudbrandsdalsleden til Trondheim.

Pilegrimsleden.no: Turplanleggar for Valldalsleia

utandørs, grønt, natur, skilt festa på mosegrodd stein Ny infotavle ved Olavskjelda på Alstad. 

utandørs, store steinar, mosegrodd, skilttavle