Norddal

Norddal Foto: Storfjordnytt

Bygda Norddal kallar seg The Happy End. Her kan du senke skuldrane, og nyte alt naturen kan by på.

I Norddal finn vi den idylliske Herdalssetra, med 300 års ubroten setertradisjon. Setra ligg i hjartet av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, Geirangerfjorden verdsarv, og tilbyr gards- og seteropplevingar og økoturisme. Du kan også fiske i det idylliske Herdalsvatnet, eller i dei mange fjellvatna i området.

I bygda ved fjorden finn du fleire produsentar av lokal mat og drikke og trivelege overnattingstilbod,

Norges høgaste motbakkeløp 1851OppNed går til fjellet Torvløysa i Norddal og vert arrangert i juli månad.