Stordal

Stordal Foto: Storfjordnytt

Bygda strekkjer seg frå sentrum ved Storfjorden opp til Overøye og Seljebotn i eine dalføret, og opp mot Ekrelia og Stavsengfjellet i det andre dalføret.

På Overøye ligg Arena Overøye skisenter med skiheiser og alpint-nedfarter, og herifrå går også kilometervis med flotte preparerte langrennsløyper i vintersesongen. Området er populært for private fritidsbustader.

På Stavsengfjellet finn ein Fjellbakken, med sine 5 hoppbakkar, frå den største med K-punkt på 70 meter og nedover til bakkar tilpassa for dei minste borna.

I dei mektige fjella er det merka turstiar på kryss og tvers, og langs elvane finn du vakre gardar og tun. Stordalselva er ei populær lakseelv. Store beiteområde og eit mildt og lunt klima gjer at landbruk er ein viktig leveveg.

Elles er Stordal kjent som «møbelbygda». Møbelproduksjon er framleis viktig, men det har også vore satsa mykje på nye næringar dei siste åra.

Rosekyrkja med dei makelause innvendige dekorasjonane, Løsetstova bygd i gammal stil frå 1700-talet og den gamle fjellgarden Ytste Skotet er nokre av dei attraksjonane bygda har å by på.