Frå glamping til hotell
Fjord kommune tilbyr eit breitt spekter av både overnatting og servering – frå enkle og naturbaserte alternativ til meir komfortable opplevingar med fokus på lokal mat og naturnære omgjevnader.
Oversikt over overnattingsstadar og serveringsstadar finn du under “Bedrifter”.
Eit variert og tilpassa overnattingstilbod som speglar dei dramatiske naturkvalitetane
Du kan velje mellom tradisjonelle hotell med god komfort og alle fasilitetar og mindre gjestgiveri med ei meir personleg og lokal atmosfære. Om du ønskjer nærkontakt med naturen finst det eit godt utval av campingplassar, hytter og moderne glampingtilbod som gjer det mogleg å oppleve stillheita og landskapet på nært hald.
Felles for alle er utsikta til fjord og fjell.
Serveringstilbodet er nært knytt til lokal matkultur og råvarer frå regionen
Restaurantar og kafear tilbyr både tradisjonelle rettar og meir moderne tolkingar, ofte baserte på kortreiste ingrediensar som frukt, bær, kjøt og sjømat.
I tillegg finst det mindre utsal og produsentar for lokalmat og spesialitetar, til dømes syltetøy, spekemat og bakst.