Regina i Norddal

Regina kjem frå Russland og har budd i Geiranger i 9 år. No har ho flytta til Norddal og trivst godt i kommunen vår og i ei lita bygd.
Foto: Tina Emilie Hoel

Regina bur i Norddal saman med sonen sin og jobbar for tida som barista på Café Olé i Geiranger. Før ho kom til Norddal budde ho der i 9 år og har mellom anna jobba på Fjordsenteret tidligare. Ho fortel at ho trivst godt i dei små bygdene her og har ho ikkje kunne tenkje seg å bu på ein større stad lengjer.

Sjølv om ho jobbar som barista, er det er det kunsten og kreativiteten som den store lidenskapen i livet. I Russland utdanna ho seg til kunstlærar og ønskjer å halde fram med det her i området etterkvart, etter at ho har lært seg norsk betre. Gjerne på skulane i dei ulike bygdene her. -Eg er veldig glad i å jobbe saman med barn og å lære dei om maling og kunst, seier ho med eit smil.

I mellomtida vil ho gjerne starte opp med att med kurs og male saman med andre, som ho har gjort tidligare i Geiranger.

Sjå video frå besøket hos Regina under!