Skulen som blei redda

Arne Bjørdal har gitt gamle Almås skule frå 1907 nytt liv, med god hjelp frå lokale handtverkarar og ildsjeler.
Foto: Tina Emilie Hoel

I 1907 stod skulehuset på Almås ferdig. Nesten 120 år seinare var det i ferd med å falle saman. Då tok Arne Bjørdal og familien sjansen på eit omfattande prosjekt: Heile huset vart demontert, flytta og bygd opp att. No har eigedomen fått namnet Plassebøen, då det var ein husmannsplass der før i tida, og det gamle skulehuset ei ny framtid.

Frå skulehus til grendahus

Almås skule var i bruk i bortimot 60 år, fram til skuleverksemda tok slutt i 1964. Etterpå fungerte huset ei tid som grendahus, men bruken vart gradvis mindre. Vedlikehaldet stoppa opp, og forfallet tok over.

Gjennom åra hadde bygningen også blitt endra. På 1950-talet vart veggane kledde med plater og målte kvite, slik at det opphavlege tømmeret forsvann bak kledninga.

For eit par år sidan var situasjonen så alvorleg at huset stod i fare for å falle saman. Kristian Almås, som sjølv gjekk på skulen i sju år, har følgt prosjektet tett og bidrege med kunnskap om historia.

– Forfallet hadde kome så langt at huset var i ferd med å falle saman. Det var då Arne og familien valde å gripe denne «no eller aldri»-sjansen, fortel Kristian.

Heile huset vart demontert og bygd opp att

Skulehuset stod tett inntil vegen på ruta til og frå skianlegget på Arne Overøye. For å gjere bygningen meir brukande måtte han flyttast litt lenger opp i bakken.

Heile huset vart derfor demontert, del for del. Delane vart merkte nøye, slik at ein visste kvar dei høyrde heime då bygningen skulle setjast opp att. Deretter vart huset frakta til den nye plasseringa og bygd opp på nytt.

Arbeidet handla ikkje berre om å redde eit gammalt hus, men også om å finne ein balanse mellom kulturvern og moderne bruk.

Vern for bruk, ikkje alt må vere som i 1907

Då prosjektet fekk støtte frå Kulturminnefondet, var prinsippet «vern for bruk» sentralt. Målet var å bevare huset slik at det kunne få eit nytt liv, ikkje nødvendigvis å føre det tilbake til éin bestemt periode. Skulehuset har endra seg gjennom historia, og restaureringa har teke omsyn til dette. Noko er nytt, noko er restaurert, og delar er flytta eller tilpassa nye funksjonar. Samtidig er det lagt vekt på at historia framleis skal vere synleg. Eit rom som tidlegare var inngang til skulen, er no soverom. Trappa til andre etasje er endra, men spor etter den gamle trappa er framleis synlege på veggen. Slik kan ein framleis sjå korleis huset var. Det gamle lærarrommet har også fått nye funksjonar. Her er det no trapp, inngangsparti og bad. Materiala er likevel tekne vare på og brukte vidare. Originale golvbord er mellom anna blitt til bordplater og benkeplate inne i det gamle klasserommet. Gamle golvmateriale som ikkje lenger eigna seg som golv, har fått nytt liv andre stader, på vegger eller som ny trapp. Steinhellene frå den opphavlege inngangstrappa er også bevarte og blir framleis brukte som trappetrinn ute.

Historie og berekraft hand i hand

Kristian Almås sine eigne skuleminne har vore verdifulle i arbeidet. Kunnskapen hans om bygningen og korleis han vart brukt, har bidrege til å avgjere kva som burde bevarast. Prosjektet viser også kor viktig bruk og vedlikehald er for å ta vare på gamle bygningar. Skulehuset stod utsett til ved vegen, og om vinteren kunne brøytekantane gå langt opp etter veggen. Utan jamleg vedlikehald vart forfallet stadig større.

Eit gammalt hus kan ikkje alltid reddast berre gjennom ønsket om å bevare det. Det må også få ein funksjon som gjer at nokon tek vare på det.

Nytt liv på Plassebøen

Eigedomen med det gjenoppbygde skulehuset og eit moderne tilbygg har fått namnet Plassebøen. Det gamle huset fortel historia, medan tilbygget gjer det mogleg å bruke eigedomen på ein moderne måte.

Plassebøen skal først og fremst vere fritidsbustad for Arne Bjørdal og familien. Utleige kan også bli aktuelt, og staden kan nyttast til samlingar og aktivitetar.

Dermed får bygningen igjen liv og menneske rundt seg, i motsetnad til åra då han stod ubrukt og nærast gløymd.

Lyse utsikter for dei neste 60 åra

Almås skule hadde om lag 60 år som skule, etterfølgde av rundt 60 år med langt mindre bruk. No er det lagt til rette for ein ny periode, med moderne funksjonar og historia frå 1907 framleis synleg. Frå skulehus til grendahus, vidare til eit nesten gløymt kulturminne og deretter ein omfattande byggeplass, no har huset fått nytt liv som fritidsbustad, utleige og kursstad. Almås skule er ikkje ført tilbake til akkurat slik det var i 1907. Det har fått høve til bli brukt, men med gamle materialar, synlege spor og ei historie som framleis kan forteljast.  Framtidsutsiktene for Almås skule dei neste 60 åra ser lyse ut.


Sjå video frå besøket under!