Det finst mange unge og kreative folk i kommunen vår. Ein av dei er 19 år gamle Daniel Hovde frå Stordal.
Daniel har vore glad i musikk så lenge han kan hugse, men interessa fekk for alvor fart då broren introduserte han for Michael Jackson. Etter kvart fann han vegen til rap-sjangeren, som kjendes mest riktig for han å satse på.
Under artistnamnet «SmeeD» skriv Daniel eigne låtar, og han fortel at noko av det beste han veit, er å stå på scena og dele musikkgleda si med andre.
Vi har vore på besøk heime hos Daniel, der vi mellom anna fekk møte mamma, som er hans største fan og viktigaste støttespelar.
Sjå meir i videoen under!