Brannmannsskap

Brannmannsskap Foto: Storfjordnytt

Er du interessert i å arbeide som brannkonstabel på deltid i indre Sunnmøre? Da er dette ei stilling du bør sjekke ut og søke på i Fjord kommune.

 I Fjord kommune er det ledig stilling som brannkonstabel ved Stordal brannstasjon. Ein brannkonstabel jobbar deltid og er sett opp med personsøkjar, og rykkar ut ved alarm. Stillingane utgjer 2,04 % og dekker pålagte øvingar gjennom året. Tid til utrykning kjem i tillegg. Tilsette må bere personleg varslar/nødtelefon for alarm.

Kommunane Fjord og Stranda har inngått eit samarbeid innan brann- og redningsvesen som no tel seks lokale stasjonar og nærare 100 brannkonstablar. Samarbeidet inneber koordinering av innsats innan førebyggande arbeid og beredskap.

Innan beredskap er fokuset å behalde og utvikle kompetanse, avvikle øvingar og ferdigheitstrening samt teste brannkonstablane innan fysisk og mental kapasitet.

Alle som har lyst til å prøve seg som brannkonstabel oppfordrast til søkje (søkjar må ha fylt 18 år). For å bli ein del av brannkorpset må du ved tilsetting bestå fysisk- og medisinsk test. Det vert gjennomført deltidsopplæring med dei krav som ligg føre.

Ta kontakt med brannmeister eller leiar brann for ytterligare informasjon.

Brannkorpset har behov for fleire kvinner og oppfordrar dei som er interessert til å ta kontakt.

Aktuelle søkjarar vil bli kontakta fortløpande sjølv om søknadsfristen ikkje er ute.


Arbeidsoppgåver

  • Brannsløkking
  • Røykdykking
  • Delta i øvingar og opplæring i samsvar med oppsett plan
  • Livreddande førstehjelp
  • Sikring av ullykkesstad

Kvalifikasjonar

  • Må bestå medisinsk og fysisk test.
  • Førarkort klasse B og gjerne BE
  • Ønskjeleg med førarkort klasse C
  • Ønskjeleg med båtførarbevis
  • Bør ha mindre enn 10 minutt reisetid til brannstasjon

Personlege eigenskapar

  • Arbeid som brannkonstabel har krav til fysisk og psykisk helse. Du må ha god styrke og uthald. Du kan ikkje ha klaustrofobi eller høgdeskrekk. Arbeidet er gruppebasert og brannkonstablar må både kunne samarbeide og la seg leie. Viktig at du klarar å behalde roa i stressande og farlege situasjonar.

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med avtaleverk
  • Variert arbeid i positivt miljø
  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • Det vert trekt 2% frå løna til innskot til pensjonsordning (KLP)
  • Beregodtgjering

Kontaktinformasjon

Stig Tore Rennemo, Brannmeister, 46411143, stig.tore.rennemo@stranda.kommune.no
Hilde Dyrkorn, Leiar brann Fjord, 41867901

Arbeidsstad

Primær Fylkesveg 650 661
6250 Stordal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord kommune

Referansenr.: 4705339490
Stillingsprosent: 2,04%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2023

Sjå stillingsannonsa her.


Publisert: 07.09.2023 kl. 09.15