Ferievikar Tafjord Friluftsbad

Tafjord friluftsbad søker ferievikarar til kiosk- og billettsal, vedlikehaldsoppgåver og badevakt.
Tafjord friluftsbad har eit utandørs basseng som er oppvarma til 27 - 31 grader. Her er også plaskebasseng, vassklier og leikeapparat. Der er garderobar med dusjar og omkledningsrom. Kiosk med sal av enkle kioskvarer. Anlegget ligg idyllisk til ved fjorden.
Tafjord friluftsbad vil vere open frå veke 23 - 32 (tentativt). Behovet vil vere 4 personar i turnus + 2 i reserve. Primært vere arbeid i helgane fram til skuleslutt. Frå veke 26 vil ein starte full drift. Det vil vere to på vakt til ein kvar tid. Dagar med ekstra besøk på badet, vil ein måtte auke med ein ekstra vakt. På rolige dagar vil ein ha behov for vedlikehaldsarbeid i og rundt Tafjordbadet. Tilsette vil også kunne bli nytta til anna vedlikehaldsarbeid i kommunen.
- Perioden 04.06 ? 19.06 ope laurdag og søndag
- Perioden 24.06 ? 20.08 ope kvar dag
- Perioden 21.08 ? 03.09 ope laurdag og søndag
- Kvardagar 12:00 - 18:00
- Laurdag-søndag 11:00 - 18:00
Søknadsfrist 19.03.2023
Publisert: 09.03.2023 kl. 15.01