Ferievikarar pleie omsorg Valldal og Eidsdal

Ferievikarar pleie omsorg Valldal og Eidsdal

Foto: Storfjordnytt

Fjord kommune søkar etter ferievikarar i helse- og omsorgstenesta i Valldal og Eidsdal

 

Behovet til kommunen er variert og vi er interessert i alle som kan gå inn i ei heiltid- (100%) eller deltidsstilling for både lang og kort periode.

Ved innsending av søknaden ønskar vi at du presiserar kvar du kunne ønskje å arbeide, når du er tilgjengeleg (frå - til) og kor mykje du kan arbeide (stillingsstorleik). Vi har behov for personell som kan starte i mai og jobbe ut august. Har du høve til å starte før, er det bare å skrive det i søknaden.

  • For ferievikarar til kjøkken må søkjar ha fylt 16 år.
  • For ferievikarar til heimebasert omsorg, institusjon og bustad for personar med nedsett funksjonsevne må søkjar fylle 18 år, inneverande år.
  • For arbeid i pleie- og omsorg vil ein inngå i turnus med arbeid dag, kveld og natt. I dagens grunnturnus er det lagt opp til arbeid kvar tredje helg, men arbeid kvar andre helg er og muleg om ein ønskar dette. I Fjord habilitering har dei langvakter på 14 timer og 10 timar aktiv nattevakt.

Søknadsfrist 28.02.2022

Sjå stillingsannonsa her.


Publisert: 19.01.2023 kl. 11.01