Finansiell rådgivar Personmarknad Valldal

Finansiell rdgivar Personmarknad Valldal

Sparebanken Møre søker engasjert rådgjevar til avdelinga i Valldal.

Vi søker engasjert rådgivar

Vil du bli ein del av Team Møre? For i Sparebanken Møre får du ikkje berre ein jobb. Du blir ein del av eit team. I Team Møre er vi først og fremst opptatt av å skape gode opplevingar for kundane våre, kvar dag.

Det viktigaste for oss er deg, din kompetanse og ditt engasjement! Vi søker deg som gløder for lokalsamfunnet ditt, og som vil gjere ein forskjell. Vi ser etter deg som kjenner deg att i våre verdiar: engasjert, nær og handlekraftig.

Det er flott om dette er deg:

  • Du kommuniserer godt og elskar å treffe nye menneske
  • Du er serviceinnstilt, har personleg drivkraft og er glad i å lære
  • Du har relevant utdanning og/eller erfaring

Dersom du blir ein del av Team Møre, og skal vere med å begeistre kundane våre, vil du følge eit obligatorisk utdanningsløp gjennom Møreskolen for å bli autorisert finansiell rådgivar. Du kan lese meir om dette på finaut.no. Som finansiell rådgivar får du ansvaret for dine eigne kundar, og du får vere med på å skape noko for og saman med kundane våre.

Søknadsfrist 31.08.2022. Sjå stillingsannonsa her.


Publisert: 01.03.2022 kl. 10.00