Helsefagarbeidarar i Valldal

Helsefagarbeidar i Fjord kommune (100% fast stilling i Heimetenesta i Valldal på natt, 100% fast stilling på skjerma eining for demente.
Fjord kommune har ledig to (2), stillingar som helsefagarbeidar I PLO Valldal. Vi har ledig 100% fast stilling i Heimetenesta i Valldal på natt og ledig ein 100% fast stilling på skjerma eining for demente. Begge stillingane er ledig med snarleg oppstart.
Heimetenesta og skjerma eining er samlokalisert med institusjonen i Valldal sentrum og er eit heildøgns tilbod til alle aldersgrupper som har eit særskilt behov for helse- og omsorgstenester. Heimetenesta yt helseteneste til heimeboande i bygdene Valldal, Fjørå og Tafjord i tillegg til bemanna omsorgsbolig.
Du vil gå inn i dag-/kveldsturnus med arbeid tredje kvar helg (det er muleg å arbeide annakvar helg om ønskeleg). Det arbeidast med å få på plass langvakter på 14 timer med arbeid kvar fjerde helg.
Oppfordrar dei som er under utdanning som Helsefagarbeidar til å søkje på stillinga. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju fortløpande sjølv om søknadsfristen ikkje er ute.
Arbeidsoppgåver
Som helsefagarbeidar i Fjord kommune vil oppgåvene variere, og er avhengig av pasienten eller behovet til brukaren. Du skal bidra i folkehelsearbeidet ved å førebyggje einsemd og bidra til god livskvalitet for pasientane og brukarane. I tillegg skal du bidra til at pasientar og brukarar føle meistring i kvardagen, og legge til rette for eit aktivt liv.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar (primært)
- Beherske godt norsk skriftleg og munnleg
- Politiattest av ny dato blir krevd framlagt
- Bilsertifikat klasse B (for arbeid i heimetenesta)
Utdanningsretning
- Medisin/Helse/Sosialfag
Utdanningsnivå
- Fagskule/Fagbrev (to år)
Personlege eigenskapar
- Forutan faglege kvalifikasjonar vert personlege eigenskapar vektlagt.
- Vi søker ein omsorgsfull, stabil og påliteleg medarbeidar
- Du må samarbeide godt og ha evne til å arbeide sjølvstendig
- Er serviceinnstilt og kjennskap til digitale verktøy
Vi tilbyr
- Tilsetting og lønn på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Kommunen legg til rette for etter- og vidareutdanning
- God forsikring- og pensjonsordning i KLP
- Tar i bruk Helseplattformen hausten 2023.
Kontaktinformasjon
Marie Ytterdal Johansen, Teamleiar Skjerma eining, 41867973, majo@fjord.kommune.no
Marit Øvrevoll, Leiar PLO Valldal og Eidsdal, 418 67 970, marit.ovrevoll@fjord.kommune.no
Arbeidsstad
Olavsgata 22
6210 Valldal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord kommune
Referansenr.: 4696690891
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2023
Sjå stillingsannonsa her.
Publisert: 17.08.2023 kl. 10.10