Du er her: Forside > Ledige stillingar > Valldal Aktivitetspark søker

Klatreparkinstruktør Valldal Aktivitetspark

Valldal Aktivitetspark er på utkikk etter dei rette personane som kan arbeide sommarsesongen 2024. Vi har nokre stillingar for heile sesongen.

KLATREPARKINSTRUKTØR

Valldal Aktivitetspark er på utkikk etter dei rette personane som kan arbeide sommarsesongen 2024. Vi har nokre stillingar som strekker seg over heile sesongen og nokre som gjeld kun høgsesong.

  • Høgsesong 1.juli -11.august
  • Sommarsesong 18.mai - 18.august (+evt helger vidare til 15.sep)

Vi søker deg som

  • Er aktiv og friluftsinteressert
  • Inkluderande, sosial og likar å jobbe med folk
  • Relevant erfaring frå klatrepark, klatring eller liknande aktivitetar
  • Trivast med å jobbe i høgda
  • Over 18 år og snakkar godt engelsk
  • Stor fordel å prate eit av dei skandinaviske språka

Dine arbeidsoppgåver vil vere

  • Opplæring av besøkande, utdeling og tilpassing av klatreutstyr
  • Vakthald og tilsyn i klatreparken i våre opningstider
  • Redning frå klatreløyper ved behov
  • Kontroll av løyper, opning/stenging av park og anna arbeid i forbindelse med daglig drift

Vi har bustad tilgjengeleg for leige.
Personlig brev med CV sendast til Erlend Hjelme på e-post post@valldalaktivitetspark.no

Søknadsfrist: Snarast, innan 10.februar 2024

 

SALSMEDARBEIDAR og KIOSKANSVARLEG

 

Valldal Aktivitetspark er på utkikk etter to personar som kan arbeide sommarsesongen 2024.

  • Helger fra 18.mai - 23.juni. Turnus i perioden 24.juni - 11.august. Helger fra 17.aug - 15.sep.

Vi søker deg som

  • Inkluderande, sosial og likar å jobbe med folk
  • Relevant erfaring frå kioskdrift, cafe, billettsalg, butikk eller liknande
  • Salsmedarbeidar: Over 16 år og snakkar godt norsk og engelsk
  • Kioskansvarleg: Over 18 år og snakkar godt norsk og engelsk

Dine arbeidsoppgåver vil vere

  • Innsjekk og sal av billettar til besøkende i parken
  • Sal av kioskvarer og mat i kiosken
  • Reinhald av sanitærbygg
  • Kioskansvarleg: Ansvaret for bestilling av varer samt følge opp vaktlister og rutiner.

Vi har bustad tilgjengeleg for leige.
Personlig brev med CV sendast til Erlend Hjelme på e-post post@valldalaktivitetspark.no

Søknadsfrist: Snarast, innan 10.februar 2024

 

DRIFTSASSISTENT

Valldal Aktivitetspark er på utkikk etter den rette personen som kan arbeide sommarsesongen 2024. Dette er ei 70% stilling over perioden 15.mai ? 1.september. Dette er ei variert stilling som ansvarleg for den overordna drifta i parken saman med dagleg leiar.

Vi søker deg som

  • Allsidig som kan jobbe med ulike oppgåver både fysisk arbeid og kontorarbeid.
  • Er aktiv og friluftsinteressert
  • Inkluderande, sosial og likar å jobbe med folk
  • Relevant erfaring frå klatrepark, klatring, guiding eller liknande aktivitetar
  • Trivast med å jobbe i høgda
  • Over 20 år og behersker norsk/svensk/dansk og engelsk både skriftleg og munnleg.

Dine arbeidsoppgåver vil vere

  • Ein stor del av arbeidet vi vere som ansvarleg klatreparkinstruktør
  • Enkelte vakter i kiosken
  • Opplæring av instruktørar i redningsteknikk og rutiner
  • Inspeksjon og vedlikehald av klatreparkløyper og andre innretningar
  • Klippe gras, kantslått og andre oppgåver knytt til den daglige drifta av parken
  • Tidvis ansvar for telefon, epost, booking og sosiale medier.

Vi har bustad tilgjengeleg for leige.
Personlig brev med CV sendast til Erlend Hjelme på e-post post@valldalaktivitetspark.no

Søknadsfrist: Snarast, innan 20.februar 2024