Kommunedirektør

Kommunedirektr Foto: Storfjordnytt

Vil du vere med på å utvikle eit framtidsretta lokalsamfunn? Fjord kommune søker kommunedirektør.

Vi søkjer ein samfunnsengasjert og samlande leiar som kan kombinere eit tydeleg og strategisk leiarskap med handlekraft og tydeleg mål- og resultatstyring. Du viser god rolleforståing og er oppteken av kommunen si rolle som samfunnsutviklar. Som leiar er du ein kulturbyggar som skaper stoltheit, motivasjon og tryggleik i organisasjonen.

Fjord kommune skal vere ein best mogleg stad å bu, arbeide og besøke. Derfor er utvikling og nytenking viktige verdiar for kommunen.

Sentrale arbeidsoppgåver for kommunedirektør vil vere:

  • tilrettelegge for god og effektiv tenesteproduksjon i nært samarbeid med politisk leiing
  • effektiv drift og god økonomisk styring som sikrar driftsbalanse og eit økonomisk handlingsrom
  • etablere gode relasjonar med tilsette, politikarar, innbyggarar samt organisasjons- og næringsliv i kommunen og regionen
  • sikre at kommunen til ei kvar tid har riktig organisering og fagleg kompetanse i organisasjonen tilpassa arbeidsoppgåvene
  • ha fokus på målstyring og resultatoppfølging og gjennomfører gode planprosessar med fokus på heilskapleg styring og forpliktande resultatdialog
  • vere bindeleddet mellom det politiske og administrative systemet og ein god støttespelar som har mot til å delegere og gi medarbeidarane rom til å handle

Kvalifikasjonar:
Vi søkjer deg som har brei leiarerfaring og som er van med å stå i endrings- og utviklingsarbeid. Du har høgare relevant utdanning og solid økonomiforståing. Gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid vil bli vektlagt. Du viser god forståing for rolledeling mellom administrativ og politisk styring, og har god innsikt i offentleg forvaltning. Som leiar er du kjent for å vere ein lyttande lagspelar og har ein motiverande og tydeleg leiarstil. Du likar utfordringar, er god til å tenkje nytt og er ikkje redd for endringar.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Vi tilbyr:
Ei utfordrande og spennande leiarstilling, der du saman med dyktige medarbeidarar vil få ei sentral rolle i kommunen sin vidare utvikling. Vi byr på flott natur med høge fjell og djupe fjordar som du kan utforske til sjøs, til fots eller på ski. Vi byr også på idylliske grender med hyggelege aktivitetar for familiar og andre som ønskjer eit rolegare tempo.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjarane kan offentleggjerast sjølv om det er bede om konfidensiell behandling. Søkjarane vert i tilfelle varsla på førehand om dette.

For nærare informasjon om stillinga kan du kontakte våre rådgjevarar i Headvisor, Kirsti Kalseth Sjøhaug, tlf. 977 31 680 / Per Jorem, tlf. 400 21 560, eller ordførar i Fjord kommune, Eva Hove, tlf. 970 15 014. Søknadsfrist er 14. juni 2023, men vi ønskjer gjerne at du melder di interesse i god tid før fristen går ut.


Søknadsfrist: 14.06.2023

Sjå stillingsannonsa her.


Publisert: 19.05.2023 kl. 09.01