Kommunepsykolog

Kommunepsykolog Foto: Storfjordnytt

Inntil 100% stilling. Fjord kommune er fleksibel når det gjeld tilsetting og eventuelle ønske om til dømes å kombinere stillinga med privat praksis.

Er du psykolog og på utkikk etter den ultimate muligheita til å kombinere jobb og eit aktivt friluftsliv - ja då er dette rette området for deg. Vi tilbyr unik natur, fjord og fjell, og andre ekstreme opplevingar. Kommunen er fleksibel på arbeidsstad der ein kan ha kontorstad i Stordal, Valldal med kombinasjon av heimekontor.

Som følgje av nasjonal satsing innan psykisk helse og rus har Fjord kommune ledig inntil100% psykologstilling. Psykologen vil få tilbod om kompetanseutvikling og deltaking i lokale og regionale fagnettverk.

Psykologen vil inngå i eit tverrfagleg team i kommunen med psykiatrisk helsearbeidar og sjukepleiar, allmennlegar, helsesjukepleiarar, jordmor med fleire. Vi ønskar at vår psykolog er med og utviklar kommunen på alle områder som til dømes utvikling av kommunen sine arbeidsplassar og fritidsaktivitetar (utforming av nybygg, turområder eller samlingspunkt). Den som vert tilsett i kommunen får organisere, prioritere og utforme ein modell for samarbeid og fordeling av eventuelle arbeidsoppgåver i det tverrfaglege miljøet.

 

 

Søknadsfrist 30.09.2022. Sjå stillingsannonsa her.


Publisert: 01.03.2022 kl. 10.00