Kulturskulerektor- og lærar

Kulturskulerektor- og lrar Foto: Storfjordnytt

Fjord kulturskule har ledig vikariat som kulturskulerektor og ledig stilling som messinglærar.

Behovet vil i første omgang vere ut skuleåret 22/23.

Kulturskulerektor: frå 27.03.2023 - 31.07.2023 inntil 60 % vikariat (mulegheit for forlenging)

Kulturskulelærar: frå 11.04.2023 - 31.07.2023 inntil 40 % vikariat (mulegheit for forlenging)

Fjord kulturskule tilbyr fast undervisning på messing, treblås, fele, song, piano, gitar, slagverk og biletkunst. I tillegg har vi ulike gruppetilbod som "musikksprell" for 1.-3 klasse, tilrettelagt samspel for born og vaksne med nesdsett funksjonsevne, bandtilbod og danseprosjekt. Vi har undervisningsstader ved skulane i Eidsdal, Stordal og Valldal.

Kulturskulen har som mål å vere eit kulturpedagogisk ressurssenter i kommunen, og forsøker å vere ein aktiv samarbeidspartner for det frivillige kulturlivet i Fjord kommune. Vi samarbeider mellom anna med dei tre skulekorpsa i kommunen om rekruttering, instrumentalopplæring og dirigenttenester. I tillegg er kulturskulen inne i musikkundervisninga til 3. og 4. klasse i samarbeidsprosjektet "korps i skulen". "Korps i skulen" er eit tilbod vi i år gir til alle skulane i kommunen, der messinglærar går inn i musikkundervisninga for 10 veker per. skule.

Fjord kommune har nynorsk som målform

 

Søknadsfrist 27.01.2022

Sjå stillingsannonsa her.


Publisert: 19.01.2023 kl. 11.01