Reinhaldar i Fjord kommune

Foto: Fjordhagen
Renholder
Fjord kommune har behov for fleire reinhaldspersonar med snarleg oppstart.
Behovet er:
- 1 reinhaldar i 100% fast stilling i Stordal
- tilkallingsvikarar i Valldal og Stordal
Reinhald vil vere vask av skular, barnehagar, SFO, administrasjonsbygg, idettshallar, kulturbygg og helsebygg som sjukeheimar og lege/helsestasjon. Reinhaldarane i Fjord kommune deltek i byggvask etter nybygg og ombyging ,og har ansvar for klargjering av kommunale bustadar for utleige.
Det er lagt opp til teamarbeid ved oppgåver særleg knytt til periodisk reinhald og klargjering. I dagleg normal reingjering arbeider reinhaldarane sjølvstendig knytt opp mot tildelte bygg.
Reinhaldsavdelinga har ein koordinator som styrer det daglege arbeidsoppgåver, vikarar, varebestillingar og ferieplanlegging.
Aktuelle søkjarar vil kunne bli kontakta fortløpande og før søknadsfristen er ute.
Arbeidsoppgåver
- Periodisk reinhald
- Dagleg reinhald
- Hovudreingjering
- Vaskerioppgåver
Kvalifikasjonar
- Primært reinhaldar med fagbrev
- Erfaring frå reinhaldsarbeid
- Førarkort klasse B
- Godkjnet politiattest for arbeid i helse, barnehage eller skule/SFO
Personlege eigenskapar
- Må kunne arbeide sjølvstendig og målretta
- Ha gode samarbeidsevne
- Ryddig og strukturert
Vi tilbyr
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Løn i samsvar med avtaleverk
- Pensjonsordning i KLP med 2 % medlemsinnskot
- Kjøregodtgjersle i samsvar med statens satser.
Kontaktinformasjon
Truls Villanger, Koordinator Reinhald, 91543144, truls.villanger@fjord.kommune.no
Marius André Moe, personalsjef, 47660346, marmoe@fjord.kommune.no
Arbeidsstad
Primær Fylkesveg 650 81
6250 Stordal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord kommune
Referansenr.: 4729121754
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2023
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Fjord kommune
Adresse
Olavsgata 10, 6210 Valldal
Hjemmeside
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen her.
Publisert: 09.11.2023 kl. 09.46