Sjukepleiar - Valldal

Sjukepleiar - Valldal

Pleie- og omsorgstenesta i Valldal har ledig to sjukepleiararstillingar. Det er eit vikariat og ei fast stilling

  • Vikariat 80 % - foreldrepermisjon
  • Fast stilling på natt

Sjukeheimen er sentralt plassert i Valldal og er samlokalisert med heimetenesta i Valldal. Kommunen har i tillegg pleie- og omsorgseining i Stordal, omsorgsbolig Eidsdal, samt habiliteringsteneste i Valldal og Stordal. Vi arbeider med å bygge eit sterkt sjukepleiar- og helseteam i kommunen og vil ha deg med på laget. Har du lyst til å arbeide som sjukepleiar hos oss er du hjerteleg velkomen til å bli med på laget vårt. Vi er på jakt etter dyktige sjukepleiarar som ynskjer og har evne til å arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.

I PLO har ein tredelt turnus med arbeid 3. kvar helg (annakvar helg om ønskeleg), men det er også muleg å gå langvakter med arbeid kvar fjerde helg.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene omfattar grunnleggande faglege sjukepleiaroppgåver
  • Ein vil jobbe med blant anna stell, medisinering, kvalitetsarbeid og utarbeiding av planar.
  • Det vil vere varierande, utfordrande og lærerikt arbeide.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Må beherske godt norsk skriftleg og munnleg.
  • Forutan faglege kvalitetar blir personlege eigenskapar vektlagt.
  • Politiattest må leggjast fram ved tiltreding
  • Bilsertifikat (B)

Personlege eigenskapar

  • Er trygg, tydeleg og triveleg
  • Visar respekt og omtanke for pasientar og kollegaer
  • Er effektiv, fleksibel og løysingsorientert
  • Vere serviceinnstilt og ha gode samarbeidsevne.
  • Tar sjølvstendig ansvar og likar å jobbe i team.
  • Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til einkvar tid brukast i Fjord kommune.

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig lønn
  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Er behjelpeleg med å finne leilighet/husrom.

Kontaktinformasjon

Marit Øvrevoll, Leiar PLO Valldal, 41867970, marit.ovrevoll@fjord.kommune.no

Arbeidsstad

Olavsgata 34
6210 Valldal

Sjå stillingsannonsa her.

 



Publisert: 04.01.2024 kl. 11.30