Sjukepleiar 100% Valldal

Pleie- og omsorgstenesta i Valldal har ledig tre (3) 100% sjukepleiararstillingar. Alle stillingane er faste med snarleg oppstart
Sjukeheimen og heimetenesta er sentralt plassert i Valldal og samarbeidar i same bygget. Kommunen har i tillegg pleie- og omsorgseining i Stordal, omsorgsbolig Eidsdal, samt habiliteringsteneste i Valldal og Stordal. Vi arbeider med å bygge eit sterkt sjukepleiar- og helseteam i kommunen og vil ha deg med på laget. Har du lyst til å arbeide som sjukepleiar hos oss er du hjerteleg velkomen til å bli med på laget vårt. Vi er på jakt etter dyktige sjukepleiarar som ynskjer og har evne til å arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
Vi har to faste stillingar ledig i heimetenesta og ei ledig stilling på sjukeheimen (kombinert skjerma eining og somatisk).
I PLO har ein tredelt turnus med arbeid 3. kvar helg (annakvar helg om ønskeleg), men det er også muleg å gå langvakter med arbeid kvar fjerde helg.
NB. Sjukepleiarar som er under utdanning (bestått 1 eller 2 år - primært) kan og søkje på stillinga og vil få 100% fast stilling som sjukepleiar i Fjord kommune når autorisasjonen er på plass. Arbeidsstad etter avtale og behov i kommunen. Oppstart i stillingane etter avtale (snarleg, 1 år eller 2 år). NB
Aktuelle kandidatar vert kalla inn fortløpande sjølv om søknadsfristen ikkje er ute.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene omfattar grunnleggande faglege sjukepleiaroppgåver
- Ein vil jobbe med blant anna stell, medisinering, kvalitetsarbeid og utarbeiding av planar.
- Det vil vere varierande, utfordrande og lærerikt arbeide.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Må beherske godt norsk skriftleg og munnleg.
- Forutan faglege kvalitetar blir personlege eigenskapar vektlagt.
- Politiattest må leggjast fram ved tiltreding
- Bilsertifikat (B)
Utdanningsretning
- Medisin/Helse/Sosialfag
Utdanningsnivå
- Høgskule/Universitet
Personlege eigenskapar
- Er trygg, tydeleg og triveleg
- Visar respekt og omtanke for pasientar og kollegaer
- Er effektiv, fleksibel og løysingsorientert
- Vere serviceinnstilt og ha gode samarbeidsevne.
- Tar sjølvstendig ansvar og likar å jobbe i team.
- Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til einkvar tid brukast i Fjord kommune.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig lønn
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Muleg for etter- og vidareutdanning (kompetanseheving) med støtte frå kommune
- Pensjonsordning i KLP.
- Er behjelpeleg med å finne leilighet/husrom.
Kontaktinformasjon
Inger Anne Aarset, Teamleiar Sjukeheim, 41867971, inger.anne.aarset@fjord.kommune.no
Marit Øvrevoll, Einingsleiar sjukeheimen, 41867970, marit.ovrevoll@fjord.kommune.no
Arbeidsstad
Olavsgata 20
6210 Valldal
Publisert: 17.08.2023 kl. 09.26