Tilkallingsvikar

Tilkallingsvikar

Fjord kommune har behov for fleire tilkallingsvikarar (alle einingar) og personar som kan jobbe i helg innafor helse- og omsorg.

Når det gjeld arbeid som tilkallingsvikar har ein ikkje eit fast forpliktande arbeidsforhald. Det fungerar på den måten at du får ein arbeidsavtale der du står på tilkalling og ved eventuelle behov ringer arbeidsgjevar (Fjord kommune) og høyrar om du er ledig for arbeid. Du har ingen plikt til å seie ja, men det er sjølvsagt ønskeleg. Dei som arbeider fast i helgene kan også vere tilkallingsvikar såframt det ikkje er i konflikt med den faste stillinga.

  1. Det er ønskeleg at du skriv inn i søknaden kva for ei stilling du er på jakt etter og kvar du ønskar å jobbe i kommunen.
  2. Søknader og tilsettingar blir behandla fortløpande

Følgjande einingar har behov:

  • Sjukeheim og Heimetenesta i Stordal - fast arbeid i helg og tilkallingsvikar
  • Fjord habilitering i Stordal - tilkallingsvikar
  • Reinhald i Stordal - tilkallingsvikar
  • Stordal barnehage - tilkallingsvikar
  • Stordal skule/SFO - tilkallingsvikar
  • Sjukeheim og heimetenesta i Valldal - fast arbeid i helg og tilkallingsvikar
  • Open omsorg i Eidsdal - fast arbeid i helg og tilkallingsvikar
  • Reinhald i Valldal omegn - tilkallingsvikar
  • Syltebøen barnehage - tilkallingsvikar
  • Dalsbygda barnehage - tilkallingsvikar
  • Valldal og Eidsdal skule/SFO - tilkallingsvikar

Arbeid som tilkallingsvikar eller i fast deltidsstilling vil gi prioritet for at du får jobbe ein del i ferie og høgtidar.

NB Tilsettingar og søknadar vert behandla fortløpande NB


Arbeidsoppgåver

For arbeid i helse- og omsorg

  • Pleie og omsorgsoppgåver i direkte kontakt med brukar/pasient.

For arbeid i barnehage

  • Skape ein god barnehagekvardag
  • Pass av barn i alderen 1 - 6 år
  • Delta i aktivitetar inne og ute.

For arbeid på skule/SFO

  • Undervisning eller ekstrahjelp/assistent saman med lærar
  • Pass av barn i 1 - 4 klasse før og etter skuletid (07:00 - 08:30 / 14:15 - 16:20).
  • Delta i aktivitetar inne og ute

For reinhaldsmedarbeidar

  • Reinhald av overflater med metodar som støvtørking, vask, polering og boning
  • Bruk av tildelt utstyr og kjemikaliar
  • Reinhald og diverse nedvask i samsvar med reinhaldsplanar.

Kvalifikasjonar

  • For arbeid i heimetenesta må ein ha førarkort klasse B
  • Godkjent politiattest for arbeid i barnehage og helse- og omsorg
  • Bør vere 18 år, men yngre kan og søke.

Personlege eigenskapar

  • Arbeidsvillig
  • Uredd og ansvarsfull
  • Engasjert
  • Likar å samarbeide og jobbe i team
  • Lærevillig

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med tariff
  • Gode pensjon- og forsikringar
  • Varierande arbeid
  • Dyktige medarbeidarar

Kontaktinformasjon

Ingrid Marie Relling, Styrar Dalsbygda Bhg., 41867888
Diana Helland, Styrar Stordal Bhg., 41867896
Torill Brastad, Styrar Syltebøen barnehage, 41867881
Tor Petersen, Rektor Eidsdal skule, 41867861
Grete Kvammen Tøsse, Leiar pleie og omsorg, Stordal, 41867960
Per Jomar Nerli, Rektor Valldal skule, 41867841
Anna Birgitt Myklebust, Leiar bu- og habilitering, 41867990
Marit Øvrevoll, Leiar PLO Valldal, 41867970
Marianne Nakken, Rektor Stordal, 41867871

Arbeidsstad

Olavsgate 10
6210 Valldal


Sjå stillingsannonsa her.


Publisert: 24.08.2023 kl. 10.18