Tilkallingsvikar

Tillkallingsvikar Foto: Kristi Linge Stakkestad

Fjord kommune har behov for fleire tilkallingsvikarar (alle einingar) og personar som kan jobbe i helg innafor helse- og omsorg.

 

Når det gjeld arbeid som tilkallingsvikar har ein ikkje eit fast forpliktande arbeidsforhald. Det fungerar på den måten at du får ein arbeidsavtale der du står på tilkalling og ved eventuelle behov ringer arbeidsgjevar (Fjord kommune) og høyrar om du er ledig for arbeid. Du har ingen plikt til å seie ja, men det er sjølvsagt ønskeleg. Dei som arbeider fast i helgene kan også vere tilkallingsvikar såframt det ikkje er i konflikt med den faste stillinga.

  1. Det er ønskeleg at du skriv inn i søknaden kva for ei stilling du er på jakt etter og kvar du ønskar å jobbe i kommunen.
  2. Søknader og tilsettingar blir behandla fortløpande

Søknadsfrist 31.12.2022

Sjå stillingsannonsa her.


Publisert: 04.10.2022 kl. 11.23