Å drive frisør på bygda

Hos Noi frisør i Valldal er dei opptaken av god kommunikasjon mellom kunde og frisør slik at ein får det beste resultatet!

Opplev Fjord har vore på besøk hos Noi frisør i Valldal. –Noi betyr “oss» på italiensk, og det synast eg var veldig passande, fortel Randi Valdal, som starta Noi. Etter ti år som frisør saman med Ann-Kathrin Overå Høihjelle i KlippIt, ønskte Randi å satse vidare på eiga hand og starte eit nytt kapittel i frisørlivet.

Delar lokale

Då Ramona Johnsen Grønmo, som er autorisert fotterapeut, tok kontakt og spurde om Randi kunne tenkje seg å dele lokale med henne, fall brikkene på plass. Dei bestemte seg for å pusse opp lokala og skape ein felles arbeidsplass. 2. februar 2021 opna dei dørene til dei nye verksemdene sine. For Randi er veldig kjekt å dele lokale med andre. Ho synest det gir eit trivelegare miljø og ein meir sosial arbeidskvardag. Det er noko eige med å ha nokon å dele kvardagen med, slå av ein prat og vere ein del av eit fellesskap. No har ho også fått med seg Nina Sjøblom på frisør-laget, og kvardagen har no blitt enda meir sosial. Randi driv salongen som eiga verksemd, utan tilsette, men Nina leiger frisørplass hos henne. Slik har dei fått eit lite frisørmiljø i lokala på Muri. Her er det rom for både gode samtalar, fagleg engasjement og ikkje minst fornøgde kundar.

Oss

NOI betyr «oss» på italiensk, og namnet var eit val som kjendes heilt rett for Randi. Ho legg stor vekt på god kommunikasjon med kundane, og synest namnet passar godt til måten ho ønskjer å jobbe på. –Ein god frisyre handlar om samarbeid mellom frisør og kunde, der ein saman finn fram til eit resultat som kjennest riktig, seier ho.

Sjå video frå besøket under!