Attraksjonar

Attraksjonar Foto: Ann Hasund

Fjord kommune er rik på kultur og attraksjonar

Natur

Den ville og vakre naturen, og måten vi menneska har nytta naturressursane på har gjeve oss mange flotte attraksjonar. Den mest kjende er nok Nasjonal turistveg Trollstigen-Geiranger som går mellom Åndalsnes og Langvatn ved Grotli og Strynefjellsvegen. Som namnet seier opplever du langs denne vegen både den berømte Trollstigen og Geiranger - eitt av Norges fremste reisemål, men også attraksjonane Gudbrandsjuvet, Eidsvatnet, Ørnevegen og Flydalsjuvet.

Store delar av Fjord kommune er også ein del av Vestnorsk fjordlandskap, det einaste området i landet som står på den prestisjetunge verdsarvlista til UNESCO på grunn av naturverdiane. Vi må også nemne at vi er ein del av Reinheimen nasjonalpark, er eit av dei største urørte høgfjellsområda i Sør-Norge, der villmark med spor etter gamal fangstkultur pregar fjellområdet. I Tafjordfjella, vest i nasjonalparken, er det tilrettelagt med merka turstigar og overnattingsmoglegheiter på turisthytter. I tillegg finst det fleire naturreservat og landskapsvernområde.Zakariasdammen øvst i Tafjord er ei 96 meter høg demning som rommar 70 millionar kubikkmeter med vatn som Tafjord kraft brukar til å lage rein elektrisk kraft.
Nasjonal Turistveg
Trollstigen-Geiranger
GudbrandsjuvetUNESCO
Verdsarv Vestnorsk fjordlandskap
Geiranger-Herdalen Landskapsvernområde
Reinheimen nasjonalparkZakariasdammen

Kulturarv


Kulturarven har også gjeve oss mange attraksjonar.

Rosekyrkja i Stordal er ei åttekanta kyrkje er bygd i 1789, og har eit spesielt frodig interiør. Veggene, søylene, taket, galleriet og preikestolen er dekte med akantusrankar og drueklasar, sirklar og roser i solgult og himmelblått. Her er også ei rekkje minnesteinar det gøymer seg spennande, sterke og dramatiske historier bak. Mellom desse er minnesteinen i Negarden på Linge over krigshelten Martin Linge. Han var fødd her i Negarden på Linge, vart sjef for Lingekompaniet og fall under Måløyraidet i 2.verdskrigen.

Pilegrimsleia Valldalsleia er ei lei frå Valldal til Dovrefjell i fotspora til Olav den Heilage. For Olav var dette ei fluktrute, for dagens vandrar er dette ein opplevingsveg. Då Olav den Heilage rømte landet vinteren 1028-1029 drog han dei fem skipa sine på land i Valldal, og herifrå gjekk han saman med dei 400 mennene sine over fjellet til Lesja og Dovre. Dette er skildra i Snorre sine kongesoger. Mange lokale segner og historier er knytt til denne hendinga, og Valldal er kanskje den staden i Norge som har mest tradisjonsstoff om Heilag-Olav. Sagatradisjonen og folketradisjonen er bakgrunnen for pilegrimsleia frå Valldal, og er framleis levande. Her finn du ormen i Syltefjellet, Olavskorset på Korsbrekka, Olavskjelda, Olavshellaren og Skjervsura, i tillegg til ein levande Olsok-tradisjon med folkefest og feiring.

Ytste skotet er ein fjellgard som ligg i det brattlendte fjordlandskapet på vestsida av Storfjorden. Den tradisjonelle driftsmåten med korn på innmark og beite og slått på utmark blei halden i hevd heilt fram til 1954, då dei siste brukarane flytta. Storfjordens Venner er eigar og drivar av garden. Storfjordens Venner vart stifta 12. juli i 1975, og arbeider for å verne om kulturminne og levande tradisjon på dei nedlagde fjord- og fjellgardane kring Storfjorden på Sunnmøre med fjordarmane Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden, Norddalsfjorden og Tafjorden.

På Ruset i Fjørå er det endå til eit ortodoks nonnekloster der dei produserer og sel handlaga såper, balsam og kremar, og du kan delta på vesper ved spesielle høve. Dei produserer også sin eigen rødvin som du kan få kjøpt til maten på fleire av restaurantane i området.

Herdalssetra øvst i Norddal er ei seter i full drift med ein stor geiteflokk og andre dyr som beiter på og kring stølen. Her kan du oppleve eit verkeleg levande setermiljø. Bygda Norddal og Herdalen fekk kulturlandskapsprisen i 2021 fordi bygda held det heilskaplege og tradisjonsrike kulturlandskapet frå fjord til fjell i hevd på ein eineståande måte. Severinbrauta i Eidsdal er eit freda kulturminne med ei heilt intakt røykstove som er bygd saman med fjøs og løe og aldri har vore modernisert.

Herdalssetra
Severinbrauta
Rosekyrkja
Minnesteinar
Valldalsleia
Storfjordens Venner - Ytste Skotet
Nonneklosteret på Ruset