Du er her: Forside > Opplevingar > Reise hit

Reise hit

Korleis reiser du hit til oss?


Kong Olav Haraldsson reiste gjennom Fjord kommune med vikingskip og til fots for snart tusen år sidan. I dag kan du kome hit med både bil, buss, tog og fly.

Næraste flyplass er Ålesund lufthavn, Vigra, og næraste togstasjon er Åndalsnes stasjon. Du kan også reise hit med buss. Rutetider finn du på frammr.no, her finn du også rutetider for bilferga mellom Linge og Eidsdal. I sommarsesongen går det turistbussrute "Travel like the locals" mellom Åndalsnes-Valldal-Eidsdal-Geiranger, meir informasjon finn du på Visit Ålesund & Sunnmøre sine sider.

Har du eigen båt kan du også kome hit sjøvegen. Det er gode gjestehavner i dei fleste bygdene våre.