Starte eller vidareutvikle verksemd?

Vi har lagt forholda ekstra godt til rette for dei som ønskjer å starte eller vidareutvikle verksemd i Fjord kommune
Synest du det er vanskeleg å vite kvar du skal byrje, eller korleis du skal vidareutvikle forretningsidéen din? Som hoppid.no-kontor for Fjord kommune kan Fjordhagen hjelpe med gratis rådgjeving, verdifulle nettverk og samarbeidspartnarar, hoppid.no-avklaringsmidlar og gjestekontorplass i eit godt fagleg miljø og coworking-space.
Fjordhagen kan også hjelpe etablerte verksemder med vidareutvikling. Ta kontakt med Fjordhagen eller registrer ideen din på hoppid.no
Har du ein forretningside som har stort utviklingspotensiale og treng investor-kapital for å realiserast? Vekst i Fjord-prosjektet 2022-2023 skal jobbe i djupna saman med verksemder for utarbeide investeringscase som grunnlag for å innhente kapital for å realisere lønsame satsingar.
Ta kontakt med prosjektleiar Harald Larsen Espeland på epost harald.espeland@fjord.kommune.no