Hofseth

Hofseth har heile verdikjeda i produksjon av laks og aure i kort avstand på Sunnmøre.

Med smoltanlegg i Tafjord, oppdrett i Storfjord, slakteri i Ålesund og foredling på Valderøya, i Ålesund og på Syvde. Hofseth sin visjon er å byggje verdas mest berekraftige sjømatselskap, og den viktigaste drivkrafta deira er lokal verdiskaping.

Visningssenteret for havbruk

På Atlanterhavsparken i Ålesund kan du oppleve ei aktiviserande utstilling av norsk oppdrett av laks og regnbogeaure, samt ringverknadane av dette.

I utstillinga vil du bli kjend med korleis norsk laks og regnbogeaure vert produsert, samt få eit innblikk i kva for nokre produkt som vert produsert. Her finst både kino, digitale spel og fysiske aktivitetar. På visningssenteret får du lære om oppdrettsnæringa og sjå korleis næringa produserer mat.

Visningsflåten i Storfjorden

På Hofseth sitt oppdrettsanlegg i Storfjorden kan du oppleve den daglege drifta, dei ulike oppgåvene som vert utført av røktarane og korleis ein vaker over og forar fisken. Det er også mogleg å bestille mat og drikke som ein kan ta med ut og nyte på flåten! Turen går frå Valldal, og ein blir transportert med båten Hofseth Zero, ein hurtiggåande passasjerbåt med elektrisk framdrift. Turen tar 5-10 minutt og er verdt turen i seg sjølv. Bestill turen her: https://uteguiden.com/hofseth-aqua/

Om bedrifta


Namn:
Hofseth
Adresse:
Kipervikgata 13
6003 Ålesund
Nettstad:
E-post:
post@hofseth.no