Ruggå 4H

Ruggå 4H er ein 4H klubb som har sine røtter i Fjørå. Vi har no medlemmer frå Tafjord, Fjørå, Valldal og Stordal. Medlemane er frå ca 6-18 år.

I 4H er det medlemane som bestemmer, og det er medlemane som set i styret. Dei vaksne er med som rådgjevarar.

Kvart medlem jobbar med eit eige prosjekt gjennom året, med fokus på praktisk arbeid, og lære ved å gjere. I tillegg er det ein dokumentasjonsdel.

Aktivitetane i klubben er varierte. Vi prøver å vere ein del ute, og ha friluftsliv for alle. Vi har også andre aktiviteter gjennom året, som kan vere film/spelekveld, tur i klatreparken, bowling, baking, tur i slalombakken, overnatting inne og ute. For mange av medlemmane er det kjekkaste å få reise på fylkesarrangement der ein treff andre. Det kan vere fylkesleir, styrevervkurs, årsmøte m.m. I tillegg får alle over 14 år tilbod om anten landsleir eller nordisk leir som varer i ei veke.

I Ruggå 4H har vi fokus på at alle kan vere med, uavhengig av bakgrunn, interesser og økonomi. Vi jobbar for at alle aktivitetar i klubbens regi skal vere gratis for medlemmane.

Det aller kjekkaste syns medlemmane, det er overnattingsturane

Om bedrifta


Namn:
Ruggå 4H
Adresse:
-
6210 Valldal
Telefon:
-
E-post:
-