Stordal og Liabygda pensjonistlag

Pensjonistforeninga har sine faste medlemsmøter første onsdag i kvar månad. Møta vert halde på Grendasalen frå kl. 14.
Her har vi underhaldning av ymse slag, sang, åresal, mat og kaffi - og har det triveleg saman - det sosiale fellesskapet er viktig også i vår alder. På medlemsmøta er alle hjarteleg velkomne.
Er du ny i kommunen - kom gjerne å bli med på desse medlemsmøta - ein fin måte å bli kjent på.
Gjennom året reiser vi på bussturar med kulturelle innslag, både ein- og fleirdagsturar.
Som medlem i Pensjonistforbundet får du tilgang til ei rekkje medlemsfordelar. I tillegg til at du får ein organisasjon som jobbar for pensjonistane sine rettar.
Nokre av fordelane du får som medlem i Pensjonistforbundet er lokalt engasjement og fellesskap, reise og opplevingar, ulike helsetilbod, medlemsmagasinet «Pensjonisten» og juridisk rådgjeving. Ved å gå inn på Pensjonistforbundet si heimeside får du lese meir om desse fordelane.
Stordal og Liabygda Pensjonistlag har også ei eiga Facebook-side (sjå lenke). Her får du eit overblikk over ymse aktiviteter laget har, til dømes innkalling og underhaldning til seniortreffa, referat og anna aktuelt stoff.
Om bedrifta
6250 Stordal