Valldal Helselag

Foto: Storfjordnytt

Nasjonalforeningen for folkehelsen er ein frivillig, humanitær organisasjon med helselag og demensforeiningar over heile landet.

Målet vårt er å nedkjempe hjarte- og karsjukdommar og demens. Dette gjer vi med forsking, informasjon, førebyggjande tiltak og helsepolitisk arbeid. Nasjonalforeningen er ein interesseorganisasjon for personar med demens og deira pårørande.

I Valldal var det tidlegare eitt helselag i kvar grend, og alle var tilslutta Norddal helselag. I 1998 blei Norddal helselag delt i fem lag, eitt helselag i kvar bygd. Den 18. mars 1998 blei Valldal Helselag skipa.

Valldal Helselag har vore og er eit aktivt lag som har gjort mykje godt arbeid både lokalt og sentralt. I samarbeid med Muritunet fekk vi til helsebading kvar onsdag kl. 16.00. Muritunet held med badevakt, og Valldal Helselag har avtale med ein fysioterapeut som instruktør. Dette er eit tilbod som framleis fungerer. Berre møt opp!

Aktivitetar som helselaget står bak:

- Vi arrangerer fredagskafé på omsorgsavdelinga saman med andre lag.
- Vi steller i stand skulefrukost for 4. klasse kvar vår.
- Vi har tidlegare gitt refleksvestar til førsteklassingane kvart år.
- Vi arrangerer hjartemarsj kvar vår.
- Vi har seterdag i august kvart år.
- Vi er med på demensaksjonen kvart år.
- Vi har samla inn midlar til hjartekompresjonsmaskina LUCAS, som vi gav til ambulansen i Valldal 11. november 2020.
- Vi arrangerer bussturar for heimebuande eldre som ikkje så lett kjem seg ut lenger. I 2021 gjekk turen til Eidsdal og Norddal, med Torbjørn Arntzen som sjåfør og med kjentmann Trygve Løvoll, som fortalde om bygdene og historia, og med nydeleg lunsj på Melchiorgarden. Vi ønskjer fleire med på desse turane!

Valldal helselag ønskjer med dette fleire medlemmer velkomne. Vi ser det som viktig for å halde liv i laget for at Valldal skal vere ein god plass å bu for alle.

Om bedrifta


Namn:
Valldal Helselag
Adresse:
-
6210 Valldal
Telefon:
-
E-post:
-