Valldal Idrettslag
Valldal Idrettslag har solide tradisjonar for idrettsglade valldalingar.
Laget fylte 100 år i 2019 og har framleis stor aktivitet innanfor fleire idrettsgreiner, både fotball, ski, friidrett, disksport og trim. Laget er ein bidragsytar i lokalsamfunnet og det er aktivitet på anlegget på Omnos til alle årstider. På anlegget er det klubbhus, kunstgrasbane, grasbane, friidrettsbane og lysløype. Valldal IL står også bak motbakkeløpet Mefjellet Opp og det tradisjonsrike sommararrangementet Olsok i Valldal. Laget har medlemmar frå Valldal, Fjørå, Tafjord og Liabygda.
Om bedrifta
6210 Valldal