Artiklar > Gler meg til å ta fatt på vervet som ordførar.

Gler meg til å ta fatt på vervet som ordførar.

Gler meg til å ta fatt på vervet som ordførar.

Foto: Storfjordnytt

Terese Jemtegård Moen (Sp) vert ny ordførar i Fjord når det nye kommunestyret konstituerer seg 17. oktober.

Det seier Terese Jemtegård Moen etter at det kvelden etter valet vart sendt ut ei pressemelding som fortalde at Terese Jemtegård Moen (Sp) altså vert ny ordførar og at Jens Einar Aklestad (Ap) vert ny varaordførar.

Det vart klart etter forhandlingsmøte mellom Fjord Senterparti, Fjord Arbeidarparti og Fjord Sosialistisk Venstreparti.

Kun eit valteknisk samarbeid

Spørsmål om dei tre partia hadde vorte samde om noko på førehand, svarar Terese Jemtgård Moen nei.

Det har ikkje vore avtalt noko på førehand, seier ho og presiserer at samarbeidet er kun valteknisk.

Vi har snakka saman om saker som er viktige for oss, og vi er rimeleg samstemte om mykje. Og det er derfor vi enda med berre eit valteknisk samarbeid, seier ho.

Fjordhagen

Terese Jemtegård Moen per akkurat no dagleg leiar i Fjordhagen AS.

Kva med Fjordhagen no

 Eg har vore i kontakt med styreleiar i Fjordhagen AS og informert om ordførarvervet, så må dei få på plass ein ny dagleg leiar, seier ho og legg til at stillinga no er lyst ut.

 Gler du deg til å verte ordførar?

Ja, eg gler meg, sjølv om eg veit at det kjem til å bli tøft. Men eg har tru på at alle som er valde inn vil det beste for Fjord kommune, sjølv om vi har litt ulike løysingar, seier ho.

Valldalingar i toppen

 Det har allereie blitt kommentert at det vert ei valldalstung leiing, med både ordførar, varaordførar og kommunedirektør frå Valldal. Har du gjort deg nokon tankar om det?

Ja, eg har lagt merke til det eg og ? og fått med meg kommentarar. Men eg tenkjer som så at alle har gått til val på partiprogramma sine ? og alle har hatt gode lister med folk frå dei fleste bygdene. Så har veljarane no sagt sitt. Men representantane er valde inn på programma sine ? og eg håpar og trur at alle vil det beste for Fjord og at dei vil styre for heilskapen, seier ho.

 Eg har eitt motto, og det er å gjere mitt beste. Og eg vil gjere mitt beste for at vi får til eit godt politisk samarbeid, for når ein ser på dei som er valde inn, så er det mange dyktige folk med ulike erfaringsbakgrunn og nettverk, så eg kjenner meg trygg på at dette skal bli bra, held ho fram og legg til at det for alle dei nye i kommunestyret handlar om å forstå og ta rolla ein no har fått.

Tubaspelande ordførar

 Kva med Valldal hornmusikklag, vil du halde fram der?

Så langt eg kan vil eg sjølvsagt halde fram med å spele tuba i hornmusikken, seier ho og håpar at det stort sett skal late seg gjere å frigjere to og ein halv time onsdagskveldane til akkurat det. Men ho er også klar på at ho seier frå seg leiarvervet i hornmusikklaget når ho går inn i rolla som ordførar.

Britt Ingunn Maurstad. Storfjordnytt