Artiklar > 8 gode grunnar til kvifor DU burde bu i Fjord!
8 gode grunnar til kvifor DU burde bu i Fjord!
Er du nysgjerrig på korleis det er å bu i Fjord? Sjå her!
Her kan du lese om moglegheitene og tenestene som ventar deg som bur, jobbar eller ønskjer å flytte hit!
Sletting av studiegjeld
Fjord kommune ligg under ordninga som gir deg moglegheit til å få sletta delar av studiegjelda dersom du bur i kommunen. Dette er ei ordning som gjer det enklare for nyutdanna å etablere seg.
10 års ansiennitet for sjukepleiarar og barnehagelærarar
Sjukepleiarar og barnehagelærarar som tek kjem hit og jobbar, får godskrive 10 års ansiennitet ved tilsetjing. Dette gir betre løns- og arbeidsvilkår frå første dag. Ein kan også få moglegheit til støtte til videreutdanning eller kurs.
Gode helsetenester og tverrfagleg samarbeid
I Fjord kommune jobbar vi for å sikre gode og heilskaplege helsetilbod. Vi har eit sterkt tverrfagleg miljø der ulike faggrupper samarbeider tett for å gi innbyggjarane trygg og effektiv hjelp.
Støtte til etablerte og nye bedrifter
Kommunen legg til rette for eit aktivt og framtidsretta næringsliv. Både etablerte verksemder og nye initiativ får god oppfølging, råd og rettleiing for vidare utvikling og vekst gjennom kommunen og Fjordhagen AS.
Rimelig barnehage og SFO
Vi tilbyr barnehage- og SFO-til ein konkurransedyktig pris. Tenestene held høg kvalitet, med fokus på å sikre gode og trygge kvardagar for både barn og foreldre.
Eit rikt kulturtilbod
I Fjord har vi eit rikt kulturliv med mykje som skjer til ei kvar tid! Her finst tilbod for alle aldre, med alt frå frivillige kulturaktørar til profesjonelle arrangement, konsertar og aktivitetar.
Gode aktivitetstilbod med rom for nye initiativ
Kommunen har eit breitt spekter av fritidstilbod. Samtidig er det enkelt å starte nye aktivitetar dersom ein ser eit behov. Vi har korte beslutningsvegar og eit inkluderande og støttande lokalmiljø som hjelper til med å få ting til å skje!
Flotte turmoglegheiter i vakker natur
Her kan vi by på spektakulær natur med gode turstiar, fjell, vatn og naturopplevingar som ligg lett tilgjengeleg for alle.
Velkommen til oss!
Sjå filmen på lenka under om nokon av moglegheitene og tilboda som finns i kommunen vår, både som tilflyttarar, arbeidssøkjarar og alle som ønskjer å vite meir om lokalsamfunnet vårt!

