Aktivitetar og guida turar

Aktivitetar og guida turar

I Fjord kan du vere med på aktivitetar og guida turar heile året

Guida turar og leige av utstyr

Uteguiden og Ræin tilbyr guida turar, kurs og utleige av utstyr. Du kan padle, rafte, juve, klatre, rappellere, sykle, gå på truger og ski og endå mykje meir. Nytt av året er at du kan bli med på guida tur til Hofseth sin visningsflåte og oppdrettsanlegg på Vindsneset, med den elektriske båten Hofseth Zero. Valldal Aktivitetspark byr på klatrepark, leik og aktivitetar for heile familien, og på Jemtegård Feriesenter kan du spele frisbeegolf på 18-hols bane.

Aktivitetar innendørs

Det er også mykje å finne på av innendørs-aktivitetar. Kulå bowling, Ville Krefter, Troll Dungeon og Meretes Garden tilbyr bowling, klatring i klatrevegg, kraft- og skredutstilling, escaperoom, escape-labyrint, yoga, spa og retreat.

Vandring

Fotturmulegheitene er mange. Tafjordfjella ligg i Reinheimen nasjonalpark, og er eit populært turområde. DNT Sunnmøre har merka turstiar med betjente og ubetjente turisthytter for overnatting. Du også gå pilegrimsleia frå Valldal til Dovrefjell og Nidarosdomen i Trondheim om du vil, eller gå kortare turar i nærområdet. Du finn turforslag både på stikkut.no. morotur.no og ut.no, og på lokale fotturkart og turguidebøker som du får kjøpt på butikkar og overnattingsstader.

Lakseelver og fiskevatn

Laksefiske er tilgjengeleg i Stordalselva og Valldøla, og innlandsfiske i fjellområda finn du meir informasjon om på inatur.no. Andre innlandsvatn er også muleg å fiske i ved å kjøpe fiskekort hjå grunneigar.

Bading og badeplassar

I Tafjord finn du Tafjord friluftsbad med oppvarma utendørsbasseng i sommarsesongen. Rehabiliteringssenteret Muritunet tilbyr offentleg bading i bassenganlegget sitt i Valldal heile året, med unntak av veke 29-31 og heilagdagar. Det er mange fine badeplassar rundt om i bygdene våre der du kan ta deg eit sjøbad.

Ski- og vinteraktivitetar

I Øvre Stordal ligg Arena Overøye, eit vinter- og pudderparadis med alpinsenter og preparerte langrennsløyper. Øvre Stordal Vel har lagt ned mange dugnadstimar for å tilrettelegge området både for vinter- og sommaraktivitetar. I Valldal, Eidsdal og Norddal finn du også preparerte langrennsløyper.