Arrangement og festivalar

Arrangement og festivalar Foto: Storfjordnytt

Her er mange små og store arrangement og festivalar gjennom året. Nokre av dei største presenterer vi her, og alle andre finn de i Kva skjer?-kalenderen

Årlege festivalar, konsertar og bygdedagar

Dei frivillige laga, organisasjonane og bedriftene i Fjord kommune arrangerer kvart år bygdedagar, sportsarrangement og festivalar. I tillegg er her gjennom heile året ei god blanding av små og store arrangement; konsertar, julemarked, bingo, strikkekafe, quiz, loppemarknad og mykje meir.

Eidsdalsrøre er ein kultur- og familiefest i Eidsdal i slutten av mai med mange morosame aktivitetar. Arrangøren lovar god stemning, god underhaldning, god mat og mykje aktivitetar!

Kulå bowling arrangerer årleg ein stor utendørskonsert med kjende artistar/band i Valldal sentrum.

Kvart tredje år arrangerer Valldal skulekorps stemnet KorpsfestiValldal med over 500 deltakarar.

Olsok i Valldal er ein folkefest kvart år i veka som er nærast 29.juli. Mosjonsløp Minidilten og Jordbærdilten. Aktivitetar, mat og underhaldning i Valldal sentrum.

Årlege sportsarrangement

Stordalscup i midten av juni er ei stor fotballturnering med aldersbestemte lag, aktivitetar, underhaldning, messe, grill og kafé.

1851OppNed vert arrangert i midten av juli og er eit fjelløp frå sentrum av bygda Norddal mot toppen av Torvløysa med konkurranseklasser, mosjonsklasse og familieklasse med og uten tidtaking.

Mefjellet Opp er eit motbakkeløp frå Fjørå nede ved Tafjorden og opp på Mefjellet 1100 moh som vert arrangert kvart år i slutten av juni. Konkurranseklasse og mosjonsklasse med og utan tidtaking.