Artiklar > Ung i Fjord: Bli kjent med Tobias Tafjord
Ung i Fjord: Bli kjent med Tobias Tafjord
I Stordal, midt mellom fjord og fjell, møter vi Tobias Tafjord som er 23 år gammal og allereie godt etablert i yrkeslivet som kokk ved Valldal Fjordhotell
Tobias har jobba som kokk i snart tre år, og trivst utruleg godt i rolla si. Han set pris på variasjonen i jobben og det gode miljøet på hotellet.
«Eg er heldig som har ei fast stilling heile året, og får jobbe med noko eg verkeleg likar,» fortel han med eit smil.
Då vi var innom kjøkkenet, var Tobias i full gang med å førebu middag til eit selskap som skulle kome seinare på kvelden. Med stø hand ordna han alt til punkt og prikke, roleg, fokusert og med eit tydeleg glimt av stoltheit for faget sitt.


På fritida likar Tobias å slappe av saman med vener, spele litt, trene og av og til blir det ein tur i fjellet òg, når tida strekk til.
Han fortel at han trivst svært godt med å bu i Fjord kommune, og spesielt i Stordal.
«Det er fantastisk å vere ung her. Du har nærleik til både fjord og fjell, og det skjer mykje forskjellig. Og det beste er samhaldet der alle kjenner alle, og er du ny, tek det ikkje lang tid før du blir kjend med folk,» seier han.
Med beina godt planta i Stordal og hjartet fylt av matglede, ser Tobias lyst på framtida, sjølv om planane enno ikkje er heilt spikra.
«Eg tek det som det kjem,» smiler han. «Eg har mykje tid framfor meg, og akkurat no har eg det veldig bra her.»
Framside-foto: Utlånt frå Storfjordnytt
Andre foto: Vivian F. Nydal
