Artiklar > Bli med flyktningtenesta på arbeid

Bli med flyktningtenesta på arbeid

Bli med flyktningtenesta på arbeid

Flyktningtenesta i Fjord kommune har som oppgåve å skape gode forutsetningar og å inkludere nye flyktningar som kjem til kommunen.

Lisa Nygård fortel at oppgåva deira er å bidra til å skape eit godt liv til dei som kjem, mellom anna med hjelp til bustad, arbeid og inkludering i samfunnet. Dette er noko dei har lykkast godt med, då Fjord er ein av dei kommunene som har flest flyktningar i arbeid i fylket. Dei har hittil busatt 99 flyktningar og av dei er 24 barn i skule og barnehage, og av vaksne i arbeidsfør alder er heile 77% i jobb!

Flyktningtenesta i Fjord kommune består av Lisa Nygård og Iryna Kutsa, som kom hit sjølv som flyktning i 2022 med mann og tre barn. -Vi trivst godt her i Fjord kommune, og føler oss trygg og velkomne, seier Kutsa. 

Sjå full video frå då Opplev Fjord var med flyktningtenesta på jobb her!

Lisa Nygård frå flyktningtenesta i Fjord.