Artiklar > Bli med Magne Tøsse på jobb

Bli med Magne Tøsse på jobb

Bli med Magne Tøsse på jobb

Magne Tøsse og dei tilsette på Joker Stordal trivst godt på jobb.

I Fjord kommune bur det mange lokale heltar, og ein av dei er eldsjel Magne Tøsse frå Stordal.

I tillegg til å vere aktiv i lokalsamfunnet både gjennom idretten og anna, er han også dagleg leiar på daglegvarebutikken Joker i Stordal. Når ein kjem inn dørene, blir ein møtt av varme smil frå tilsette i butikken. -Det kjekke med å drive butikk på bygda er at alle kjenner alle, smilar Tøsse. Han helser på alle som kjem inn dørene for å handle i den vesle butikken. 

Humor og humør

Magne fortel at han er oppteken av å ha eit godt arbeidsmiljø, med rom for både humor og humør på jobb. Han ønskjer også at alle kundane skal føle seg sett i det dei kjem inn døra. -Sjølv om det er ein liten butikk, har vi tilgang på heile sortimentet til Norgesgruppen, og kan bestille inn varer dersom noko spesielt manglar, seier han.

Sjå meir om arbeidsoppgåvene til Magne som dagleg leiar og livet på Joker Stordal i videoen på denne lenka.

Magne Tøsse ønskjer alle varmt velkomen inn på Joker i Stordal og byr gjerne på ein kopp gratis kaffi!