Artiklar > Bli med maskinførar Gunhild Sunde på jobb!
Bli med maskinførar Gunhild Sunde på jobb!

Gunhild Sunde er maskinførar i Sunde Entrepenør, som pappa, Håvard Sunde, starta opp i slutten av 2011.
-Om vinteren går det mykje i brøyting, seier Gunhild. Ho fortel at det ho er mest glad i å gjere på jobb, er å køyre traktor, men at ho også likar litt variasjon.
Opplev Fjord har fått bli med på jobb, og denne dagen er det mykje spennande som skjer. Vi får mellom anna vere med å strø sand på glatte vegar, reingjering av utstyr, samt arbeid med gravemaskin på ein byggjeplass.
Sjå video om korleis ein vanleg dag på jobb for Gunhild er på denne lenka!