Artiklar > Bli med på jobb: Melchiorgarden
Bli med på jobb: Melchiorgarden

Denne veka har vi blitt med gjengen frå Melchiorgarden i idylliske Norddal på jobb, og her hjelp alle til, både liten og stor. Heilt frivillig.
Norddal er ei idyllisk, lita bygd, men sjølv det er ein liten stad, er det mange dyktige produsentar av det naturen har å by på i området. Her finn du fleire flotte gardar, og ein av dei er Melchiorgarden. I fjor tok Hilde Ljøen Melchior og mannen Roy Meek over drifta av garden etter foreldra til Hilde. Her driv dei mellom anna med geit, men er også kjend for å lage fantastiske produkt med bær og frukt, til dømes saft, syltetøy og anna.
Sjå full video om livet på Melchiorgarden på denne lenka!