Artiklar > Busengdal - ein samfunnsbyggar i vekst

Busengdal - ein samfunnsbyggar i vekst

Busengdal - ein samfunnsbyggar i vekst

Busengdal er ei familiebedrift med sterke lokale røter

Bedrifta har vakse til å bli ei av dei største hjørnesteinsbedriftene i kommunen.  I dag har dei rundt 150 tilsette, fordelt på fleire fagområde innan entreprenør, transport og anleggstenester. Sjølv med stor vekst har bedrifta halde fast ved verdiane sine: nærleik, kvalitet og stoltheit i arbeidet.

Dei har no flytta inn i eit nytt og moderne servicebygg på Vinjesanden i Stordal, og Opplev Fjord fekk bli med ordføraren på besøk denne veka. Vi møtte dagleg leiar Rolf Anders Håberg og driftssjef Bjørn Busengdal, som også er avbilda øvst i artikkelen. 

Det nye servicebygget markerer eit stort steg vidare for Busengdal. Her er verkstad, administrasjon, lager og service samla under eitt tak, noko som gir meir effektiv drift og betre flyt mellom dei ulike fagmiljøa. Bygget er også dimensjonert for framtida, med moderne fasilitetar som gjer dei godt rusta til vidare vekst.

Foto: Vivian F. Nydal

Under besøket fekk ordføraren høyre om kor viktig rekruttering og kompetansebygging er for Busengdal. Bedrifta har i dag 4-5 lærlingar innan ulike fagområde, og legg stor vekt på å gi unge arbeidstakarar ein god start på yrkeslivet. Det er ein viktig innsats for å sikre framtidig kompetanse i heile regionen.

Busengdal sin kapasitet og faglege styrke kjem også tydeleg fram gjennom større prosjekt. Selskapet var mellom anna hovudentreprenør på Digerneset, eit omfattande oppdrag som viser deira profesjonalitet og gjennomføringsevne.

Ordføraren uttrykte stor glede over å besøke ei lokal bedrift som både skaper arbeidsplassar, tek samfunnsansvar og held fram med å investere i Stordal. Busengdal står som eit godt døme på det livskraftige og framoverlente næringslivet i Fjord. Tett på folk, tett på utvikling.

Busengdal er ei viktig kraft i kommunen og eit klart bevis på kva gode, lokale arbeidsplassar betyr for samfunnsutviklinga vår.

Ein hyggeleg lounge i administrasjonsavdelinga. 
Foto: Vivian F. Nydal