Dyrkorn

Dyrkorn Foto: Hilde Dyrkorn

Bygda Dyrkorn ligg fint til ved Storfjorden og strekkjer seg bratt oppover fjellsida. Øvst i bygda er det fleire gardar, og landbruk er ein viktig leveveg.

På Dyrkorn kan du besøke den tradisjonsrike setra Gjerdsstølen eller bestige ein av fjelltoppane som bygda er omkransa av. Det gamle skulehuset er omgjort til grendahus og aktive innbyggjarar held liv i bygda og huset.

Nede ved fjorden ligg dei gamle fabrikkbygningane Dyrkornanleggene der det i si tid vart produsert fiskereiskap. I dag har tekstilbedrifta Devold sommarope fabrikkutsal i lokala.

Like ved ligg Dyrkorn kraftverk som vart bygd i 1913. Det leverte straum til fabrikken, bønder og innbyggjarar i bygda. Tafjord Kraft kjøpte fallrettane i 1998, og fekk konsesjon til det noverande kraftverket i 2009.