Eidsdal

Eidsdal Foto: Mariann Døving

I Eidsdal er landbruket ein viktig leveveg, Eidsvatnet er kjent som eit av dei beste ørretvatna i landet som du når frå ein hovudveg.

Bygda er eit veleigna utgangspunkt for fjellturar i variert terreng både på sommar- og vinterstid. Kilsti er eit av fleire startpunkt for fjelleventyret. Herifrå kan du vandre med fjordutsikt gjennom godt bevart kulturlandskap til Blåhornet eller fjordgarden Skrenakken.

Den freda husmannsplassen Severinbrauta er eit populært besøksmål i Eidsdal. På Severinnbrauta er bygningar, hage, slåtteng og inventar bevart i si opprinnelege form frå 1870-talet.