Valldal

Valldal Foto: Kristi Linge Stakkestad

Valldal er kjent som jordbærbygda, og i sesongen kan du nyte lokal frukt, bær og grønsaker som kan kjøpast direkte frå produsent.

Valldal ligg mellom høge fjell som skjermar mot det våte og ville kystklimaet på Nordvestlandet. Det stabile klimaet med varme somrar og snørike vintrar eignar seg godt for produksjonen av bær. Dei solvende bakkane på Linge er perfekte for gode avlingar av morellar, eple og plommer.

Sommaren er hektisk i Valldal og bygdene rundt. Ikkje berre er området populært for friluftsfolk, hyttefolk og turistar, men bygda er fylt av sesongarbeidarar frå mange kantar av verda - i hovudsak frå Polen og dei baltiske landa.

Uteguiden tilbyr spennande aktivitetar og opplevingar både sommar og vinter så som kajakkpadling, rafting, juving fjellturar, klatring og toppturar på ski for å nemne noko. I Valldal Aktivitetspark finn du klatreløyper tilpassa ulike aldrar og ferdigheiter.

Lakseelva Valldøla er også mykje brukt til kajakkpadling og rafting. Valldal er også startpunktet for pilegrimsleia Valldalsleia som går frå Valldal til Dovre og knyter seg på Gudbrandsdalsleden ved Fokstugu på Dovrefjell. Som ein avstikkar frå Valldalsleia kan ein også gå stien opp til klostertomta på Syltefjellet.