Artiklar > Cowork i Fjord

Cowork i Fjord

Cowork i Fjord

Foto: @worldwithasuitcase

Er du på jakt etter arbeidsfellesskap eller alternativ til heimekontor? Då har vi fleire moglegheiter her i Fjord!

Kanskje er du i ferd med å starte eiga bedrift? Kanskje er du student? Kanskje har du fritidsbustad eller er her på besøk, og kunne tenkje deg å vere ein del av eit arbeidsfellesskap? Kanskje bur du her eller har akkurat flytta hit? Kanskje har bedrifta di mange oppdrag her inne i fjordane, og de kunne hatt behov for ei fleksibel kontorløysing der de også får vere del av eit arbeidsfellesskap og nettverk der de lettare kan nå tak i nye oppdrag?

Cowork-fellesskapa våre er med å gjere heile regionen vår meir attraktiv og tilgjengeleg, uavhengig av arbeidsstad. 

Næringshagen i Valldal

Næringshagen Fjordhagen ligg i Valldal sentrum, og er eit spennande kontormiljø og arbeidsfellesskap med sju bedrifter. Her er fleire arbeidsstasjonar i ope kontorlandskap. Desse kan leigast i kortare eller lengre periodar. Du kan velje mellom drop-in, fleksibel plass eller fast plass. 

Fleksibel plass er for dei som ønsker kontorplass eit par dagar i veka, fast plass er for dei som ønsker å nytte kontoret på fulltid. I tillegg er her to møterom som er fullt utstyrt med videokonferanseutstyr og touch-skjerm. Hurtigladar for elbil finn du rett over gata hos Kulå bowling.

Næringsutviklingselskapet Fjordhagen har kontora sine her, og har tett kobling til prosjektet Vekst i Fjord, hoppid.no-nettverket i Møre og Romsdal og SIVA næringshageprogram. Dette er med å gje auka verdi til cowork-konseptet.

Høyres dette interessant ut? Du kan lese meir og finne kontaktinformasjon på fjordhagen.com

Stordal Lounge

Stordal Lounge er eit kontor- og arbeidsfellesskap på Pedrobygget i Stordal sentrum, Strandgata 27.  Her er det for tida tilgjengeleg både cellekontor og kontorplassar i ope landskap. Meir informasjon kan du finne på admit.no/lounge  

Næringsutviklingsselskapet Fjordhagen og prosjektleiar for Vekst i Fjord er også til stade her når bedrifter og gründarar har behov for møter og rådgjeving. Du kan lese meir og finne kontaktinformasjon på opplevfjord.no

Pedrobygget

I Pedrobygget er mange typar bedrifter samlokalisert. Det er bedrifter som driv med lagerhald, produksjon og sal, byggefirma, reinhaldsselskap, rekneskapskontor, nettbutikkar, fysioterapi og treningssenter. Alle leigetakarar disponerer møterom og kjøkken. På Pedrobygget er det også ei større kantine som kan leigast som t.d. selskapslokale. Meir informasjon finn du på pedro.no

Fjord Cowork - Norddal, Eidsdal og Geiranger

I Fjord Cowork finn du tre bygder i eitt cowork: Norddal, Eidsdal og Geiranger. Fjord Cowork tilbyr attraktive, fine og koselege stadar å BU, ARBEIDE og OPPLEVE tett på den røffe og spektakulære verdsarvnaturen rundt Geirangerfjorden. Gjennom ei samskaping og involvering med lokalsamfunna i dei tre bygdene, vil Fjord Cowork kople fjord, arbeid og folk saman i ein smeltedigel av kreativitet, engasjement, ny teknologi og nye idear. Meir informasjon finn du på fjordcowork

Også her er næringsutviklingsselskapet Fjordhagen til stade når bedrifter og gründarar har behov for møter og rådgjeving. Du kan lese meir og finne kontaktinformasjon på opplevfjord.no