Artiklar > Den gode smaken vert den same
Den gode smaken vert den same
Kirsti Indreeide har tatt over Stolte Anton AS. Produksjonen er flytta til Nerigarden på Veiberg, og samlokalisert med Nerigardsbakst.
Margreta Veiberg, som er gründeren bak Stolte Anton AS, fortel at ho allereie var pensjonist då ho starta bedrifta, og at ho den gongen ville gi satsinga tre til fem år. At det no er Kirsti som tek over stafettpinnen og fører selskapet vidare, er ei løysing ho er meir enn nøgd med.
Produkta til Stolte Anton AS vil i all hovudsak vere slik dei har vore, det vert dei same gode smakane som vil vere å få kjøpt. I tillegg vil den nye eigaren og drivaren utvikle nye produkt etter kvart, men alt vil framleis vere basert på dei svært kortreiste råvarene frå frukthagar i bygdene våre. I sortimentet finn du både gele, syltetøy, chutney, marmelade og hermetisk frukt i mange smaksvariantar.
Kirsti gler seg til å ta fatt, og håper at Stolte Anton AS saman med Nerigardsbakst og drift av campingen på garden, vil gjere at ho kan skape seg ein heilårs arbeidsplass på heimgarden.